Har Roblox gått under radaren?

Medietilsynet har nyleg publisert rapporten «Roblox under radaren?» Vi veit at mange av elevane våre brukar denne plattforma, og om lag 80 % av norske barn mellom 9 og 12 år spelar Roblox. Rapporten peikar på forhold som kjøpepress, kontakt med ukjende og mekanismar som kan gjere det vanskeleg å avslutte spelinga.

Barnevakten har også over tid uttrykt uro knytt til Roblox og peikar på at plattforma inneheld element som kan vere skadelege for barn. Regjeringa har dessutan varsla at Roblox er blant plattformene som blir vurderte i arbeidet med ei komande 16-årsgrense for skadelege digitale plattformer.  
Vi ser på vurderingane frå både Medietilsynet og Barnevakten er såpass alvorlege at vi meiner det er viktig at alle heimar kjenner til utfordringane som er knytte til plattforma, slik at ein som føresette har eit godt grunnlag for  å ta informerte val. 
Oppfordringa vår til alle foreldre er å snakke med barna om trygg nettbruk, vere merksame på kjøp i spel og ha tydelege rammer for spel, skjermtid og bruk av sosiale medium.

Dersom de opplever at det er vanskeleg å regulere barnet si spel- eller skjermbruk, eller kjenner uro knytt til sosiale medium, oppmodar vi dykk om å ta kontakt med skulehelsetenesta for råd og støtte. 
Hugs: Det er aldri for seint å be om hjelp

Barn spiller dataspill - Klikk for stort bilete KI-generert illustrasjonsfoto