Nulltoleranse mot rasistisk, hatefull og diskriminerande språkbruk og handlingar

Førde barneskule markerar FN-dagen med fellessamling i gymsalen, og her informerte elevrådsleiaren om ei viktig satsing på skulen vår.

Tale frå elevrådsleiaren:

tre jenter M365 - Klikk for stort bilete

Vi i elevrådet har lyst å snakke litt om kva vi alle må ha meir fokus på framover. ​​

På skulen vår skal alle få kjenne seg trygge, inkluderte og respekterte. Alle skal få vere seg sjølv utan å vere redde for å bli ledd av eller haldt utanfor. Vi er mange ulike elevar på skulen, og vi er ikkje alltid einige eller bestevenner med alle. Men det betyr ikkje at vi kan seie eller gjere kva vi vil mot kvarandre.​

Det er ikkje greitt å gjere narr av andre, bruke stygge ord, kommentere utsjånaden til nokon på ein sårande måte, eller få andre til å kjenne seg mindre verdifulle. Sjølv om du meiner det som ein spøk, kan det såre den som høyrer det. ​

Vi har alle eit ansvar for korleis vi behandlar kvarandre. Det handlar om små ting i skulekvardagen: ​
korleis vi snakkar, kven vi inviterer med i leiken og om vi seier ifrå når nokon blir behandla dårleg. ​

Eg og elevrådet vil at alle skal tenkje over ein ting: ​
Kva kan eg gjere for at andre skal kjenne seg trygg og inkludert? ​

La oss saman sørgje for at Førde barneskule er ein stad der alle får vere seg sjølv, der vi snakkar fint til kvarandre og der ingen treng å vere redde for å bli ledd av eller haldne utanfor. ​

Vi har alle eit ansvar for at andre har det bra på skulen vår. 

 

Takk for meg!