Lyshjartet på Førde barneskule

Mandag 9. november tente elevrådet lyshjartet saman med elevar og tilsette på skulen.

Lyshjartet er eit symbol på venskap, omsorg og inkludering.

Det første lyshjartet som vi kjenner til vart hengt opp i Førde, og alt starta i november 2020. 

Tanken var at det skulle vere ei oppmuntring og eit lyspunkt til folk midt under koronapandemien, i det mørke haustvêret.

Andre vart utfordra til å gjere det same, og ideen spreidde seg som eld i tørt gras over heile landet. 

Vi på Førde barneskule ynskjer at vårt lyshjarte skal vere eit lyspunkt for alle som reiser forbi skulen vår, og for oss sjølve.

Det å tenne lyshjartet er blitt ein fin tradisjon på skulen vår.

Elevar og tilsette tenner lyshjarte - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune