Førskulegruppa på HVL
17. september var førskulegruppa på besøk ved Høgskulen i samband med Forskingsdagane. Der fekk vi sjå og prøve ulike robotar.
Vi fekk mellom anna møte ein dør-opnarrobot, ein sjokoladerobot og ein teiknerobot. Barna fekk også designe kvar sin ring, som blei laga med ein 3D-skrivar. I tillegg fekk dei teikne kvar sin robot som dei meinte kunne vere nyttig å ha.
Det blei ein spennande og lærerik dag med mykje utforsking, kreativitet og nysgjerrigheit – til stor glede for både små og store!
Bilder frå HVL
Brannveke
I veke 38 hadde vi brannveke i barnehagen. Gjennom ulike aktivitetar lærte barna kva vi skal gjere dersom det byrjar å brenne. Vi gjennomførte òg ei varsla brannøving, der alle øvde på å evakuere barnehagen og gå til sin faste oppmøteplass.
Måndag 14. september fekk vi besøk av sjølvaste Bjørnis! Det er alltid like stas å få danse saman med Bjørnis, gi han ein god klem og lære meir om brannvern på ein kjekk og lærerik måte.
Bilder frå brannveka
Prosjekt «Plass til alle- små stunder, store verdiar»
Vie barnehage deltek barnehageåret 2026–2027 i prosjektet «Plass til alle – Små stunder, store verdiar».
Barnehagen har eit viktig ansvar for å førebyggje mobbing og utestenging, og for å sikre at alle barn opplever ein trygg og inkluderande kvardag. Gjennom prosjektet ønskjer vi å styrkje fellesskapet og byggje gode haldningar og verdiar hos barna.
Ein gong i månaden har vi samlingsstunder knytte til prosjektet. Gjennom forteljingar, samtalar, song og aktivitetar undrar vi oss saman over likskapar og ulikskapar mellom menneske. Vi snakkar om kjensler, vennskap, mangfald og det å høyre til.
Vi ønskjer at alle barn skal kjenne:
• Eg høyrer til her.
• Eg er viktig.
• Dei andre ser meg.
Barna og personalet får bli kjende med Tove Bente Kalstad, migrasjonspedagog i kompetanseteamet ved PPT Sunnfjord, og venen hennar Ludvik. Dei vil møte barna på avdelingane gjennom samlingsstundene.
Mellom samlingane arbeider vi vidare med temaet gjennom bilete, forteljingar, bøker, samtalar og ulike aktivitetar.
Målet er at alle barn skal oppleve at dei er verdifulle, blir sett og høyrer til i fellesskapet. Vi ønskjer ein barnehage der det er plass til alle!
Bilder frå prosjektet
FORUT barneaksjon – Sanjana og drømme jobben
I oktober og november har vi hatt ekstra fokus på likeverd, inkludering og respekt i Vie barnehage. Dette er verdiar som er viktige i arbeidet vårt med å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for alle barn.
I årsplanen har vi mellom anna mål om at barna skal bli kjende med ulike kulturar og utvikle interesse og respekt for kvarandre. Personalet skal leggje til rette for samtalar der barna får fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål.
Som ein del av dette arbeidet har vi delteke i FORUT barneaksjon. Barneaksjonen er eit pedagogisk opplegg der barn i Noreg får bli kjende med barn i andre land og lære om korleis dei lever. I år har vi følgt Sanjana frå Sri Lanka og fått innblikk i livet hennar og draumen om framtida.
Gjennom perioden har vi hatt samlingsstunder med eventyr og songar, formingsaktivitetar og matlaging. Avdelingane har òg markert den hinduistiske høgtida Divali. Barna på stor avdeling fekk mellom anna sjå film frå Sri Lanka, bli kjende med ulike klede og drakter, utforske nye lukter og lage flotte diya-lykter.
Bilder frå FORUT barneaksjon
Barneløp og FN-kafé
Vi har arrangert barneløp og FN-kafé, der barn og foreldre bidrog til ein flott innsamlingsaksjon. På FN kafe `en samla vi inn 3 605 kroner og på barneløpet fekk vi inn 3 210 kroner. Førskulegruppa gjekk til banken for å setje dei inn, men måtte levere dei på Rådhuset til slutt.
Gjennom ulike aktivitetane har barna fått oppleve at menneske kan leve på ulike måtar, men at alle har same verdi.
Bilder frå barneløp og FN-kafé
Turar for liten og stor
Vi brukar ofte det flotte nærområdet vårt på Vie når vi går på tur. Turane går mellom anna til Viebøen og sjukehusparken. For dei minste kan det vere nok å ta ein tur opp i eplehagen vår.
Vi har også el-syklar og gode vogner. Det gjer at vi kan dra på lengre turar og utforske fleire delar av Førde saman med barna.
Bilder frå turar
Vi går også til Førdehuset for å bruke gymsalen eller delta på lesestund på biblioteket. Biblioteket har eit flott tilbod med høgtlesing for barna ein fredag i månaden.
Bilder frå Førdehuset og bilblioteket
25.september 2026 fekk fireåringane besøkje kunstmuseet. Der fekk dei sjå spennande kunst og lage sine eigne kunstverk. Kunstverka deira blei hengt opp utanfor museumet.
Barnehagen sine kunstverk
Vi er glade for å kunne bruke nærmiljøet vårt og dei mange flotte tilboda vi har rundt oss!