Førdefestivalen i Vie barnehage

1. juli fekk Vie barnehage besøk av artistane Almir Meskovic og Daniel Lazar under Førdefestivalen.

Musikarar - Klikk for stort bilete Vie barnehage

 

 

 

Duoen baud på ein energisk og musikalsk konsert med folkemusikk frå Balkan, ispedd nordiske og klassiske tonar. Med trekkspel, fiolin og stor speleglede skapte dei ei flott musikalsk oppleving for store og små.
Det vart ei kjekk stund fylt med musikk og rytme saman med mange barnehagar i Sunnfjord kommune. 
 

 

 

 

Kan lese meir om konserten i Firda: Førde, Sunnfjord | Opna Førdefestivalen med roing