Viktig – sesongvaksinasjon frå veke 47

Vaksinasjonstilbod blir influensavaksine, korona og Prevenar 20. Sunnfjord kommune mottek årets oppdaterte vaksiner for risikogruppene i veke 46. Vaksinene kan setjast samtidig.

Kven bør ta vaksine?

  •  Alle over 65 år- influensavaksine
  • Alle over 75 år - influensa og koronavaksine
  • Vaksne og barn med kronisk sjukdom bør også ta vaksine

Meir informasjon finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Les om influensa 

Les om korona 

 

Pneumokokkvaksina

Prevenar 20 vart frå 2025 ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 (som ikkje fekk i 2025) og dei som er fødde i 1961 får tilbod om denne til redusert pris.

Andre aldersgrupper som treng pneumokokkvaksine kan bestille via eigen fastlege.

 

Førde

Vaksinasjonsdagar i Førdehuset

  • Tysdag 17.nov. kl. 12:00-18:00
  • Fredag 20.nov. kl. 12:00-17:30
  •  Tysdag 1. des. kl. 12:00-18:00 


Bestill vaksinasjonstime .

Dersom du ikkje får bestilt time på nett, kan du sende e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.no

 Eller du kan nå oss på telefon 47 50 53 77 (kl. 10-14) 

Det same gjeld dersom du ønsker å avbestille timen.

Merk: I år blir det ikkje vaksinering av hjelpepersonell ved Førde legesenter.

 

Naustdal, Sande og Skei

Her vert det sett av tid til vaksinasjon på dag/kveldstid. Du får tildelt time av medarbeidarane ved legekontoret. Ta kontakt på telefon

Naustdal legesenter: 57 81 60 20
Tysdag 17. november og torsdag 19. november

Sande legesenter: 57 71 82 40
Tysdag 17. november og onsdag 25. november 

Jølster legekontor: 57 72 62 50
Onsdag 25. november  og onsdag 2. desember


 

 

Pris

Koronavaksine: kr 85

Influensavaksine: kr 308

Prevenar 20: kr 85

Bilde av helsepersonell som vaksinerar eldre dame  - Klikk for stort bilete