Skulane i Sunnfjord har tradisjon for stafett, basar og andre aktvitetar på hausten til inntekt for TV-aksjonen. I 2025 samla skulane inn over 380 000 kroner gjennom sine aktivitetar. Vi tar av oss hatten – det er imponerande!
Holsen skule har alt hatt sin basar. Dei melder om kjekk dag med store, små, yngre og eldre frå bygdene rundt skulen. Strålande stemning.