Sjå orienteringa i kommunestyret 19. november
Eit breitt samarbeid
SLT står for samordning av lokale førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. Modellen skal sikre at ressursane hos kommunen og politiet blir samordna og brukt målretta.
I Sunnfjord er arbeidet organisert gjennom politiråd, styringsgruppe, utvida SLT-gruppe, arbeidsgruppe og SLT-koordinator. Arbeidsgruppa har faste møte kvar veke og samarbeider tett ved behov. Målet er å ha god oversikt over ungdomsmiljøa, koordinere innsats på tvers av skular og fritidstilbod og handle raskt når det er behov for oppfølging.
Kva viser tala frå politiet?
Politiet opplyser at det så langt i 2026 er registrert om lag 50 straffesaker der gjerningspersonen var under 18 år. Sakene omfattar mellom anna vald, skadeverk, truslar, bildedeling og narkotika. Politiet vurderer at Sunnfjord kjem godt ut samanlikna med kommunar med tilsvarande folketal.
Samtidig peikar politiet på utfordringar knytt til narkotikaomsetning via sosiale medium, utnytting av sårbare unge og ein kultur der få seier frå om det som skjer. Politiet understrekar kor viktig informasjon frå både ungdom og vaksne er for å kunne førebygge kriminalitet.
Tidleg innsats er avgjerande
Politiet peikar på at mange av dei straffbare forholda blant ungdom skjer i samband med alkoholbruk. Samstundes blir ungdom med risikofaktorar som skuleutfordringar, manglande fritidstilbod eller krevjande heimesituasjonar vurderte som særleg sårbare for rus og kriminalitet. Både kommunen og politiet er opptekne av å fange opp utfordringar tidleg og setje inn riktige tiltak før problema veks seg større.
Nye utfordringar krev ny kunnskap
Politiet løfta også fram radikalisering, valdelege nettsamfunn, seksuell utpressing og rekruttering av unge via digitale plattformer som område det er viktig å følge med på framover. Fleire av desse utfordringane skjer på nett og krev tett samarbeid mellom politi, skule, føresette og hjelpeapparat.
Vest politidistrikt vil måndag 23. november presentere den lokale trusselvurderinga Dette i tillegg til tal frå Ungdata er viktig faktagrunnlag for oss i SLT for å sette kurs for våre satsingsområde ang rus og kriminalitet.
Oppsøkande arbeid blant ungdom
Ein viktig del av arbeidet er å møte ungdom på arenaene dei brukar til dagleg. Gjennom oppsøkande arbeid på skular og fritidsarenaer bygger dei vaksne relasjonar og tillit, og bidreg til at ungdom møter trygge vaksne i kvardagen. Kommunen samarbeider også med skuleleiinga for å halde oversikt over utviklinga i ungdomsgruppene.
Ungdomsklubbar og aktivitetar

Ungdomsklubbane er ein viktig del av det førebyggande arbeidet. Kommunen driv klubbtilbod i Naustdal og Førde, medan foreldre står for drifta i Skei, Sande, Vassenden og Viksdalen.
SLT samarbeider også med Friskliv og frivilligsentralen om gratis eller lågkost aktivitetar gjennom året. Målet er å gi ungdom møteplassar, aktivitetar og fellesskap.
Samarbeid med skulane
SLT samarbeider tett med vidaregåande skule om mellom anna russetid, førebyggande dagar, aktivitetar på kveldstid og jobbsøkarverkstad. Politiet og utekontakten er også faste samarbeidspartnarar ved skulen.
Gjennom året blir det arrangert foredrag for elevar og foreldre om tema som deling av seksualiserte bilete, rus, spelavhengigheit og konsekvensar av ulike val.
Sommarjobb gir erfaring og meistring
Ordninga «Ung i arbeid» gir ungdom mellom 15 og 17 år moglegheit til å få erfaring frå arbeidslivet gjennom to veker med arbeid. I 2026 fekk 69 ungdomar jobb gjennom ordninga.
Evalueringa viser at både ungdomar og arbeidsgivarar opplever ordninga som verdifull. Ungdomane trekkjer fram trivsel, arbeidserfaring og meistring, medan arbeidsgivarane peikar på rekruttering, ekstra kapasitet og nye perspektiv. Fleire ungdomar har fått vidare jobb etter deltaking i prosjektet.
Vegen vidare
Framover ønsker SLT å styrke samarbeidet med nabokommunar, næringsliv, lag og organisasjonar. Samstundes peikar dei på utfordringar knytt til ressursar, drift av ungdomsklubbar og behovet for å halde tritt med raske endringar i ungdomskultur og digitale trendar.