Den reviderte samfunnsdelen byggjer vidare på dei styrkane som gjer Sunnfjord til ein attraktiv kommune å bu, arbeide og leve i. Samstundes tek planen inn over seg dei store utfordringane vi står overfor, som fleire eldre, mangel på arbeidskraft, klimaendringar, behov for sterkare beredskap og strammare kommuneøkonomi.
Planen har to hovudspor:
- Gode kvardagsliv for innbyggarane i heile kommunen
- Regionmotor på Vestlandet, med Førde som eit sterkt regionsenter
Målet er at Sunnfjord skal vere ein trygg og inkluderande kommune med gode oppvekstvilkår, aktive lokalsamfunn og berekraftige løysingar. Samtidig skal kommunen leggje til rette for næringsutvikling, arbeidsplassar, kultur og verdiskaping som styrkjer heile regionen.

Den oppdaterte samfunnsdelen inneheld også ein revidert arealstrategi som viser korleis framtidig utbygging, næringsutvikling og transport skal støtte opp under måla for samfunnsutviklinga.
Ordføraren peikar på at kombinasjonen av ein sterk regionby og livskraftige bygder er eitt av Sunnfjord sine største fortrinn, og at utviklinga av kommunen må skje i samarbeid mellom innbyggarar, næringsliv, frivilligheita, politikarar og kommunen som organisasjon.
Samfunnsdelen er kommunen sitt viktigaste styringsdokument for samfunnsutvikling, og skal vere retningsgivande for prioriteringar og planlegging fram mot 2032.
Les kommuneplanen sin samfunnsdel her (PDF, 3 MB)