Sunnfjord er blant dei mest bustadvenlege kommunane i NoregSunnfjord er den mest bustadvenlege kommunen i Vestland, ifølgje NBBL si bustadvenlegheitskåring for 2025. Kommunen kjem på 22. plass nasjonalt av 119 kommunar, og er best i fylket når det gjeld samla vurdering av tilrettelegging for bustadbygging og faktisk bustadbygging. Resultatet til NBBL viser at Sunnfjord er ein kommune som arbeider godt med å legge til rette for vekst, utvikling og ein velfungerande bustadmarknad for innbyggarane våre. Sjå NBBL Bustadvenlegheitskåringa vurderer mellom anna kor raskt og føreseieleg kommunane behandlar plansaker og byggesaker, kor mykje ferdig regulert bustadareal dei har tilgjengeleg, og om bustadbygginga held tritt med behova i kommunen. Ifølgje NBBL er dette viktige faktorar for å sikre at folk får tilgang til eigna bustader. Les òg NRK si omtale av saka Sist endra 18.11.2026 12:01