Satsar på gode kvardagliv og sterk rolle i regionen

Korleis skal Sunnfjord utvikle seg dei neste åra? Det er hovudspørsmålet i den reviderte Kommuneplanen sin samfunnsdel med arealstrategi 2026–2032, som skal politisk behandlast i oktober. Planen er kommunen sitt viktigaste styringsdokument for samfunnsutvikling og peikar ut retninga for korleis Sunnfjord skal møte utfordringar knytt til mellom anna demografi, arbeidskraft, klima, kommuneøkonomi og samfunnstryggleik. 

Rulleringa byggjer på gjeldande samfunnsdel, men planen er oppdatert, forenkla og spissa mot dei utfordringane kommunen står overfor. Samtidig er koplinga mellom samfunnsmål og arealbruk styrkt gjennom ein oppdatert arealstrategi. Det er ei politisk arbeidsgruppe som har jobba med nytt planforslag. 

Det overordna målet er framleis at Sunnfjord skal vere kvalitet for deg og ei kraft for regionen, med to hovudretningar for utviklinga: gode kvardagsliv for innbyggarane og vidare utvikling av Sunnfjord som regionmotor på Vestlandet. 

Sjå framlegget til samfunnsdelen som blir behandla no i oktober

Planforslaget har vore på høyring sommaren og hausten 2026. Det kom inn seks høyringsinnspel frå innbyggjarar, organisasjonar og offentlege styresmakter. Nokre av innspela har ført til justeringar i planforslaget, medan andre vil bli følgde opp gjennom temaplanar, arealdelen eller andre kommunale planprosessar. 

Dersom planen blir vedteken, skal den vere førande for kommunen sitt vidare arbeid med samfunnsutvikling, tenester, økonomiplanlegging og arealforvaltning dei komande åra.