Saman for eit inkluderande oppvekstmiljø - tilskotsordningAlle barn og unge fortener å kjenne på tilhøyrsle, vennskap og moglegheita til å delta i aktivitetar saman med andre. Difor er Sunnfjord kommune med i Bufdir si tilskotsordning Inkludering av barn og unge, ei ordning som skal bidra til å førebyggje utanforskap og styrkje deltakinga i fellesskap og fritidsaktivitetarGjennom ordninga kan frivillige lag og organisasjonar søkje om støtte til aktivitetar og tiltak som gir barn og unge moglegheit til å delta, oppleve meistring og bygge sosiale fellesskap. Tiltaka kan vere knytte til fritid, kultur, møteplassar eller andre inkluderande aktivitetar for målgruppa. Sunnfjord kommune har ei viktig rolle i ordninga. Kommunen skal vurdere og rangere dei lokale søknadane ut frå lokale behov, planar og målsettingar for barn og unge. Rangeringa må vere forankra på politisk eller administrativt nivå i kommunen, og ungdomsrådet skal få moglegheit til å uttale seg før rangeringa blir sendt til Bufdir. Vi veit at gode møteplassar og meiningsfulle aktivitetar kan bety mykje for den enkelte. Når frivilligheita, lokalsamfunnet og kommunen arbeider saman, skaper vi fleire moglegheiter for at barn og unge kan kjenne seg inkluderte, utvikle vennskap og oppleve at dei høyrer til.Saman kan vi leggje til rette for eit oppvekstmiljø der alle får moglegheita til å delta og vere ein del av fellesskapet. Les meir om ordninga og søk her på Bufdir.no Sist endra 20.10.2026 13:08