Oppstart av ungdomsrådet 2026–2027

Sjå kven som vart valt inn, kven som vart valt som leiar og nestleiar og satsingdomsråda dei vil prioritere i denne valperioden. 

Ny samansetting av ungdomsrådet

I møte 24. september valde kommunestyret nye medlemmer og varamedlemmer for perioden frå oktober 2026 til september 2027. Det er kjekt at fleire av medlemmene og varamedlemmene som var med i førre valperiode ville halde fram arbeidet i ungdomsrådet. Det er òg kjekt at det har kome inn fleire nye medlemmer og varamedlemmer. 

Oversikt over medlemmer og varamedlemmer (PDF, 197 kB)

Det “nye” ungdomsrådet hadde sitt første møte 12. oktober. Både medlemmene og varamedlemmene vart kalla inn til dette møtet for opplæring om rolla i ungdomsrådet. Dei fekk òg møte ordføraren som ønskte dei velkommen. Det var ein engasjert gjeng, og god stemning i pausen med bli-kjent-bingo. 

Val av leiar og nestleiar

I neste møte 19. oktober valde ungdomsrådet Sipan Kilkawi som leiar og Lena Ørjansen Lervåg  som nestleiar i denne valperioden. Sipan går i 10. klasse og Lena går i 9. klasse ved Førde ungdomsskule. Begge er nye i ungdomsrådet og klare til å gjere ein god innsats

Sunnfjord kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Val av satsingsområde 

Våren 2024 vedtok ungdomsrådet sin handlingsplan 2024–2027. Handlingsplanen har 5 satsingsområde, og i førre valperiode vart transporttilbod, god skulekvardag og ungdomsmedverknad prioritert. 

I møtet 19. oktober hadde det nye ungdomsrådet gruppearbeid og valde satsingsområda dei vil prioritere det komande året. Arbeidet gav slik prioritering: 

  1. Ein god skulekvardag
  2. Eit godt transporttilbod 
  3. Gode møteplassar for ungdom
  4. Kjekke fritidsaktivitetar
  5. Styrke ungdomsmedverknad 


Ungdomskoordinator vil lage forslag til oppfølging av måla til neste møte.    

Følg med i innbyggarappen!

Du kan følge ungdomsrådet som aktør i Lokalt i innbyggarappen. Du kan òg følge med på nettsida Ungdomsrådet i Lokalt. Vi har eit mål om at nestleiaren skal publisere korte referat frå kvart møte slik at ungdommar kan sjå kva saker som er relevante for dei i kommunen. 

Last ned appen

  1. Søk opp Innbyggerappen i App-store og GooglePlay og last ned (på telefonen eller nettbrett, ikkje pc)
  2. Vel Sunnfjord kommune
  3. Følg ungdomsrådet i Lokalt og godta pushvarsel for å få varsel om nye innlegg frå ungdomsrådet.