Om å leve livet heilt til slutt

Velkommen til ein open informasjonskveld om livets siste fase, viktige samtalar og gode val.

Vi inviterer innbyggjarar, pårørande og helsepersonell til ein kveld med fagleg påfyll, refleksjon og samtale om tema som vedkjem oss alle.

Stad: Kantina på Førde omsorgssenter
Dato: Tirsdag 17. november 
Tid: Kl. 17.30-19.30   

Program
Velkommen og musikalsk innslag.
Føredrag ved Aart Huurnink, overlege og spesialist i allmennmedisin med særskilt kompetanseområde innan palliativ medisin (lindrande behandling),  alders- og sjukeheimsmedisin.

Høve til spørsmål og samtale med publikum.

Enkel bevertning.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Arrangørar:

  • Sunnfjord kommune
  • Fagnettverk i kreftomsorg og lindrande behandling Helse Førde 
  • Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester