Nytt grep kan få bruprosjektet inn att i budsjettramma
Etter at konkurransen om bygging av ny gang- og sykkelbru mellom Naustøyna og Storehagen vart avlyst på grunn av høge kostnader, har Førdepakken utgreidd nye løysingar. Formannskapet fekk 22. oktober orientering om ein moglegheitsstudie med to alternative brukokonsept.
Den planlagde brua er del av Tiltak 8 i Førdepakken. Då tilboda kom inn i byggjekonkurransen i februar, viste det seg at kostnadene var høgare enn budsjettet. Konkurransen vart derfor avlyst.
To nye alternativ
Etter avlysinga sette Førdepakken ned ei ekspertgruppe med bru- og arkitektkompetanse for å finne alternative løysingar innanfor budsjettramma. Gruppa har vurdert ulike konsept med utgangspunkt i funksjon, økonomi, fysiske rammer og moglegheita for å gjenbruke etablerte konstruksjonar.
Moglegheitsstudien peikar på to aktuelle alternativ:
Fagverksbru
Førdepakken
Nettverksbogebru
Førdepakken
Begge alternativa er vurderte til å kunne byggast innanfor budsjettramma, og begge er moglege å gå vidare med.
Dette er tidlege skisser som viser ulike brukonsept. Sjå fleire skisser frå ulike vinklar i Førdepakken sin presentasjon.
Ei viktig endring frå det opphavlege prosjektet er at løysinga no er tenkt som felles gang- og sykkelveg, i staden for sykkelveg med fortau. Ifølgje studien kan dette bidra til å redusere kostnadene og samtidig binde saman parkområda på kvar side av elva på ein god måte.
Førdepakken anbefaler fagverksbru
I orienteringa vart det vist til at Førdepakken anbefaler ei fagverksbru med tredekke og klimavern. Grunngivinga er mellom anna lågare vekt, enklare montasje, lettare vedlikehald, betre forhold for vinterdrift og god tilpassing til vestlandsk klima.
For at ei slik løysing skal fungere godt over tid, peikar rapporten på behovet for gode løysingar knytte til mellom anna klimabeskyttelse, kvalitet på tredekke, levetid og frihøgde.
Kommunen avgjer bruvalet
Førdepakken orienterte formannskapet om moglege brukonsept slik at dei er orienterte før saka kjem opp til politisk behandling. Det er kommunen som avgjer kva for konsept som skal veljast for vidare prosjektering og bygging
Du kan sjå opptak frå orienteringa og kommentarar frå politikarane på KommuneTV
Vegen vidare
Dersom arbeidet går vidare som planlagt, ser tidsplanen slik ut:
- Forankring av brukokonsept hausten 2026
- Planendring våren 2027
- Prosjektering i 2027
- Bygging i 2028–2029