Heile 542 elevar og om lag 80 tilsette deltok saman med representantar frå entreprenør, prosjekterande og andre samarbeidspartnarar. Den høgtidelege samlinga danna ei flott ramme rundt opninga. Både ordføraren, kommunalsjefen og rektor heldt talar, og iVest Consult AS overrekte gåve til elevane. Ordføraren kunne òg overrekkje 5 000 kroner frå Sunnfjord kommune til elevrådet.

Frå dei politiske vedtaka om ny skulestruktur våren 2025 og skulebygg hausten 2025, har prosjektet halde høg framdrift. På berre ni månader gjekk prosjektet frå oppstart av forprosjektet til eit skulebygg klart for bruk. Eit tett og godt samarbeid mellom prosjektleiar, prosjekterande, entreprenør, skuleleiing, tilsette, tillitsvalde og verneombod gjorde det mogleg å opne skulen til skulestart.
Sommaren vart nytta til eit omfattande flyttearbeid. Tre skular skulle flyttast, og flyttinga til nye Førde ungdomsskule var den mest omfattande. Inventar og utstyr frå både Halbrend skule og den tidlegare Førde ungdomsskulen skulle på plass før skulestart. Takka vere stor innsats frå bygg og eigedom og skuleleiinga stod skulen klar då elevane kom tilbake etter ferien.

Resultatet er blitt eit moderne og funksjonelt skulebygg med gode læringsareal, spesialrom og ei eiga avdeling for elevar med særskilde behov. Klasseromma har god storleik, og bygget inneheld fleire møteplassar som legg til rette for eit aktivt og inkluderande skulemiljø.
No er fokus retta mot innhaldet i den nye skulen. Eit godt skulemiljø, høgt fagleg nivå, eit trygt arbeidsmiljø for dei tilsette og godt samarbeid med føresette vil vere sentrale satsingsområde framover.

Skuleleiinga har arbeidd målretta med etableringa lenge før skulestart. Rektor Hallgeir Hamre og tilsette vil arbeide vidare for å vidareutvikle Førde ungdomsskule som ein god stad å vere og lære for både elevar og tilsette.
Takk til alle involverte for det omfattande arbeidet som er lagt ned for å få skulen klar til skulestart
Vi gratulerer med opninga av nye Førde ungdomsskule og ønskjer lukke til med det vidare arbeidet.