Ny kommunedirektør i Sunnfjord kommuneVi vil gratulerer Lise Mari Haugen som ny kommunedirektør i Sunnfjord kommune.Kommunestyret vedtok i møte 29. oktober å tilsette Lise Mari Haugen som kommunedirektør i Sunnfjord kommune. Haugen har vore konstituert i stillinga fram til no. Før dette var ho assisterande kommunedirektør i Sunnfjord.– Vi er glade for å kunne tilsette dyktige Lise Mari Haugen som vår toppleiar seier ordførar Jenny Følling og gratulerer samstundes Haugen med jobben.Kort om rekrutteringsprosessen: Stillinga vart lyst ut med søknadsfrist 15.september. Det var ti kandidatar som søkte stillinga. Blant desse vart tre invitert til første gangs intervju. Der deltok rekrutteringsbyrået Capus og tilsetjingsutvalet. To av dei tre kandidatane vart vurdert som kvalifiserte og aktuelle for stillinga, og vart invitert med i den vidare prosessen. Rekrutteringsbyrået og tilsetjingsutvalet har vore gjennom ein grundig prosess som dannar grunnlag for tilsetjingsutvalet si samrøystes tilråding. Sist endra 30.10.2026 09:53