Entreprenørservice AS skal opparbeide interne vegar og anlegg for vatn, overvatn, avløp og el-installasjonar. Det blir også bygd gang- og sykkelveg langs fylkesvegen frå brua over Jølstra fram til avkøyringa til K2 og K3.
Dei tre områda K2, K3 og K4 skal vere ferdig opparbeidd i november 2027, men alt på vårparten vil Sunnfjord Miljøverk starte arbeidet sitt med å etablere ein ny gjenbruksstasjon. Dei disponerer nesten 50 dekar på felt K3.
Titan Group/Lefdal Mine Datacenter har inngått avtale om kjøp av ca 40 dekar for å etablere datasenter. Også firmaet ARCEM vil bygge datasenter og har opsjon på ca 40 dekar til dette føremålet på K2. Dei har meldt tilbake at dei vil løyse inn opsjonen.