Må elevane sitte i ro for å lære på skulen?

Vassenden skule er med på FAL-prosjektet (Fysisk aktiv læring) til Høgskulen på Vestlandet. Rektor Anne-Cecilie Kapstad og forskar Mathias Brekke Mandelid snakkar om prosjektet i podkastepisoden «Meir bevegelse i skolen – må elevene sitte stille for å lære?» 

To barn ligger og sitter på gulvet og tegner på tegnebrett - Klikk for stort bilete

 

Helsedirektoratet tilrår at barn og unge i alderen 6–17 år er fysisk aktive i gjennomsnitt minst 60 minuttar kvar dag. 

Førsteamanuensis Mathias Brekke Mandelid frå Høgskulen på Vestlandet er forskar på feltet FAL. Han fortel at dei har gode tal på barns aktivitetsnivå i Norge. Vi veit at 90 prosent av 6-åringane oppfyller den daglege tilrådinga, medan berre 40 prosent av 15-åringane gjer det same.

På Vassenden skule har dei brukt rørsle i undervisninga i 15 år. 

Rektor Anne-Cecilie Kapstad fortel i podkasten kva lærarane har erfart i klasserommet.

Portrettbilde Mathias Mandelid - Klikk for stort bileteMathias Mandelid AYF
Anne Cecilile Kapstad - Klikk for stort bileteAnne Cecilile Kapstad Sunnfjord kommune

Lytt til podkastepisoden «Meir bevegelse i skolen – må elevene sitte stille for å lære?»

Du kan og finne podkasten her:

https://open.spotify.com/show/4OUACnUl5mjYSDOEqUDFCA

https://www.buzzsprout.com/1101776

https://castro.fm/podcast/d8f2affd-9834-4079-a0e9-0a1885976814