At Sunnfjord kommune skulle bygge nytt omsorgssenter med 70 plassar, vart bestemt då Bustadsosial handlingsplan 2022 - 2030 vart vedteke i kommunestyret 22. september 2022. Eit naturleg spørsmål mange stiller seg er kvifor desse plassane vert bygde i Førde.
Planlegging av omsorgssenter handlar om langsiktige val. Eit omsorgssenter skal tene innbyggarane i fleire tiår framover. Derfor må plasseringa bygge på kunnskap om folketalsutvikling, alderssamansetning og framtidige behov for tenester. Målet er å sikre at vi har tilstrekkeleg kapasitet der behova er størst, slik at innbyggarane våre får gode og trygge tenester også i framtida.
Dei fleste veit at talet på eldre innbyggarar vil auke monaleg i åra framover. Framskrivingane viser at den største veksten kjem i Førde. Dette heng saman med at mange flytta til Førde på 1970- og 1980-talet, mellom anna i samband med etableringa av sjukehuset og nye industriarbeidsplassar. No nærmar denne generasjonen seg alderen der behovet for helse- og omsorgstenester naturleg nok vil auke.
Kommunen har også kartlagt kva innbyggarane sjølve ønskjer. I ei undersøking gjennomført i 2021 svarte om lag tre av fire innbyggarar mellom 60 og 80 år at dei ønskjer ein institusjonsplass i Førde dersom dei får behov for det seinare i livet:

Meir om undersøkinga og resultata frå denne, kan du lese i rapporten: Framtidig behov for institusjonstenester og omsorgsbustader
Eit nytt omsorgssenter i Førde er derfor planlagt med utgangspunkt i tre forhold: framtidige behov, kvar veksten i tal eldre er størst og innbyggarane sine eigne ønskje.
Eit supplement til dei tenestene som allereie finst
Sunnfjord kommune har omsorgstenester fleire stader i kommunen, og dei fleste eldre vil også i framtida kunne bu heime lenge med støtte frå heimetenester, velferdsteknologi og andre tilpassa tilbod. Det nye omsorgssenteret i Førde kjem i tillegg til dei tenestene kommunen allereie tilbyr. Prosjektet er først og fremst eit svar på den venta veksten i tal eldre og behovet for fleire institusjonsplassar i åra som kjem. Målet er å sikre at Sunnfjord kommune også i framtida kan tilby gode, trygge og verdige omsorgstenester til innbyggarane våre.