Ingen endringar i tryggleiksalarmtenesta

Brukarar av tryggleiksalarm kan vere trygge på at tenesta held fram som før. Sjølv om det no er usikkerheit knytt til regelverket for eigenbetaling, vil dette ikkje påverke tilgangen til tryggleiksalarmtenesta.

Eldre spreke glade menn M365 - Klikk for stort bilete

Det er for tida ulike tolkingar av regelverket for eigenbetaling for tryggleiksalarm på nasjonalt nivå. Kommunen følgjer utviklinga tett og vurderer fortløpande korleis regelverket skal bli praktisert når det kjem nærare avklaringar frå sentrale styresmakter.

For deg som har tryggleiksalarm i dag, er det viktig å vite at sjølve tenesta ikkje blir endra. Du vil framleis ha tilgang til tryggleiksalarmen på same måte som tidlegare.

Brukarar vil få faktura for eigenbetaling som vanleg. Samstundes arbeider kommunen med å avklare korleis framtidig praksis skal vere i lys av den nasjonale diskusjonen om regelverket.

Det er ikkje nødvendig å gjere noko no. Dersom det kjem endringar som får betydning for eigenbetalinga eller andre forhold knytt til tryggleiksalarmen, vil alle som blir berørte få informasjon direkte.

Uavklart om tidlegare betalingar

Det er framleis ikkje avklart om kommunane skal gjennomgå tidlegare vedtak eller vurdere tilbakebetaling av eigenbetaling som allereie er betalt. Før dette kan vurderast, må kommunen få nærare avklaringar frå nasjonale styresmakter.

Vil halde brukarane orienterte

Kommunen vil informere fortløpande dersom det kjem nye avklaringar som har betydning for personar som nyttar tryggleiksalarm.

Målet er å sikre føreseielege tenester for brukarane, samtidig som kommunen følgjer gjeldande nasjonale retningslinjer.