Gjenbruksstasjonen på Sande er open 28. oktober

Containeren som Sunnfjord kommune og Veidekke Entreprenør har ved byggeplassen til nye Sande skule vil vere open 28. oktober. Her kan du finne gratis gjenbruksmateriell.

Dato: onsdag 28. oktober
Klokka: 15.30 – 16.30
Stad: framsida av Sande skule ved busshaldeplassen

Her vert materiale og andre ting som er til overs frå Sande skule gitt bort.

Det vert også satt fram i palle med avkapp av trevirke for dei som ønsker å bruke det som ved. 

Sjå etter containeren merka «Gjenbruksstasjon». Kanskje finn du noko som kan passe til ditt prosjekt?

Hugs at utanfor containeren vil det stå treverk og paller som kan hentast til alle tider.

Førstemann til mølla!

Ting de kan finne på gjenbruksstasjonen i morgon

 

Les meir om Gjenbruksstasjonen her