Fleire behov – nye løysingar for framtidaKorleis skal vi sikre gode helse- og omsorgstenester når vi blir fleire eldre, færre i arbeidsfør alder og fleire som treng hjelp? Det er spørsmålet som ligg til grunn for den nye strategien Fleire behov – nye løysingar 2026–2050, som kommunestyret vedtok 29. oktober.Strategien handlar om korleis Sunnfjord kommune kan møte framtida på ein berekraftig måte. Skal vi halde fram med å gi gode tenester til innbyggjarane, må vi tenkje nytt. Meir førebygging, betre bruk av teknologi, tettare samarbeid med innbyggjarar, pårørande og frivillige, og nye måtar å organisere tenestene på vil vere ein viktig del av løysinga.Strategien peikar ut retninga for arbeidet med helse og omsorg dei komande åra. Samtidig understrekar den at framtidas tenester ikkje berre blir skapte av kommunen aleine, men i samarbeid med heile lokalsamfunnet.Vi inviterer deg til å lese dokumentet og bli kjend med dei vala og moglegheitene som ligg framfor oss!Les strategien; Fleire behov – nye løysingar (PDF, 2 MB) Sist endra 04.11.2026 15:09