Fleire behov krev nye løysingar for helse og omsorgKorleis skal Sunnfjord kommune sikre gode helse- og omsorgstenester når talet på eldre aukar og tilgangen på arbeidskraft blir mindre? Det er bakgrunnen for den nye strategien Fleire behov – nye løysingar: Strategiske val for helse og omsorg 2026–2050, som skal politisk handsamast i oktober.Den nye strategienStrategien peikar ut retninga for korleis kommunen skal utvikle helse- og omsorgstenestene dei neste 25 åra. Målet er at innbyggarane skal få rett hjelp til rett tid, samtidig som tenestene er berekraftige også i framtida.For å møte utviklinga legg strategien vekt på førebygging, tidleg innsats og tenester som gjer det mogleg for fleire å bu trygt heime lengst mogleg. Samtidig skal vi ta i bruk nye arbeidsmåtar, teknologi og sterke fagmiljø for å møte aukande behov.Strategien inneheld ikkje vedtak om konkrete endringar i tilbod eller lokalisering av tenester. Den er eit grunnlag for vidare planlegging og framtidige politiske vurderingar av helse- og omsorgstenestene våre.Gjennom strategien ønskjer vi å vere i forkant av dei utfordringane som kjem, slik at også framtidige generasjonar kan få gode og trygge helse- og omsorgstenester. Politisk handsamingSaka skal til politisk handsaming i oktober.Les alle dokument i saka Pexels ved Arind D Sist endra 16.10.2026 08:17