Fastlegekurs i digital heimeoppfølging!I september arrangerte Sunnfjord kommune seminar om Digitale Heimetenester. Her delte Bjørnafjorden og Larvik sine erfaringar med digitale heimetenester.Helsedirektoratet sette oss inn i korleis ein tenkjer om denne måten å nytte teknologi i helsetenesta på, og leverandøren Dignio presenterte korleis deira løysing fungerar i praksis. Arrangementet hadde godt oppmøte og det spreier seg no ei auka interesse for å ta i bruk meir digitale verktøy i helsetenestene. No er det fastlegane sin tur!Vi arrangerar gratis tverrfagleg emnekurs som gir 15 poeng for allmennlegar. Del 1 er gjennomførast digitalt på eiga hand. Del 2 er fysisk samling på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 5.november 2026. Det er sett opp eit godt og variert program med ein solid bukett av føredragshaldarar. Helsedirektoratet og digitaliseringsdirektoratet stiller på, leiar i Sogn og Fjordane legeforening, spesialistar i lungemedisin og kardiologi og eit knippe av engasjerte tilsette i kommunane som har tatt i bruk digital heimeoppfølgingProgramAnne Mette Hjelle skal lose oss gjennom dagen.Innleiing: Jan Ove Tryti – Fastlege og leiar i Sogn og Fjordane legeforening. Siw Helene Myhrer – Seniorrådgjevar, HDIR.Organisering av DHO lokalt: Jofrid Aa. Djupvik – Prosjektleiar. Svanhild Hønsi Aafedt – DHO-koordinator. Silje Flølo – Oppfølgingsteneste. Heidi Husetuft – Einingsleiar.Gevinstar og brukarhistoriar: Marius Tyssvang – Kommuneoverlege/HDIR. Brukar. Prosjektleiar.Praktisk demonstrasjon av DHO: Prosjektleiar. DHO-koordinator. Oppfølgingsteneste.Bruk av eigenbehandlingsplan for pasientar med kols og hjartesvikt: Ole Lervik – Lungelege, Helse Førde. Dag Fadnes – Kardiolog, Helse Førde.Digitalt utanforskap i helsesektoren: Margrethe Berg Goksøyr – Seksjonssjef, DigDir.Avslutning og appell. Kurset er for fastlegar, leiarar, helsepersonell og andre som ynskjer å auke sin kunnskap om digital heimeoppfølging og kva dette går ut på.For dykk som er skeptiske til dette konseptet er de spesielt velkomne for å delta denne dagen og ta del i erfaringar som er gjort lokalt og nasjonalt.Vel møtt!Påmeldingsfrist 20.oktober! Meld deg på her Ved spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar Jofrid Aardalsbakke Djupvik.E-post til Djupvik/ 91 85 99 48. Sist endra 16.10.2026 10:13