Evaluering av prosjektet; EIN (engasjert, inkluderande, nær) oppvekst – skulefråvær

Prosjektet EIN (engasjert, inkluderande, nær) oppvekst – skulefråvær vart etablert i Sunnfjord kommune for å førebyggje og redusere alvorleg skulefråvær blant elevar i grunnskulen. Som ein del av prosjektet ønskte vi å få evaluert arbeidet, og engasjerte difor Universitetet i Sørøst-Noreg (USN). Telemarksforsking vart invitert inn som samarbeidspartnar i evalueringa.

Rapporten byggjer på intervju med sentrale aktørar i prosjektet og relevant forskingslitteratur. Evalueringa gir innsikt i korleis prosjektet har utvikla seg, og kva erfaringar som er gjorde undervegs.

Vi vil rette ein stor takk til føresette som har delt erfaringane sine. Bidraga dykkar har vore avgjerande for å gi eit godt innblikk i utviklinga og gjennomføringa av arbeidet.

 

Les heile evalueringsrapporten her (PDF, 2 MB)

Barn i luftballong - Klikk for stort bilete

 

Illustrasjon: Gregory Idehen

Kontakt

Cecilie Eikefjord Udberg-Helle
Prosjektleiar skulefråvær
Telefon 57 72 60 56