Kan skulen fungere utan straum og varme?
Nasjonale styringsdokument skriv at skulane skal halde ope sjølv om straumen går i dagevis. Går det eigentleg å drive skule utan straum & varme i dagevis? Det måtte dei tilsette både svare på og øve på. Vi oppdaga undervegs at det at vi er ein skule med god erfaring med fysisk aktiv læring, som likar å tenke praktisk undervisning og som er mykje ute, så hadde vi ein stor fordel. For utan straum, varme og tilgang på digitale duppedingsar, må vi tenke heilt annleis når undervisningsopplegga skal lagast! 1. - 4. klasse har øvd på å tenne bål, og har lært at det er lurt å ha opptenningsved. Vi har og hatt god nytte av nettsida Forsvarleg , som er laga for å gje undervisningspersonell gode tips for å halde undervisninga i gang i ein krisesituasjon.