5 gode grunnar til å bruke Innbyggerappen

Har du tatt i bruk Innbyggerappen? Det er det mange i Sunnfjord som har gjort. Vi gir deg fem gode grunnar til å ta appen i bruk du òg, om du ikkje alt har gjort det.

Først – last ned appen!

  1. Søk opp Innbyggerappen i App Store , Google Play og last ned
  2. Vel Sunnfjord kommune

1 – Av og for folka i Sunnfjord

Vi som lagar appen bur i Sunnfjord, og er opptatt av mykje av det same som deg. Vi lagar faktisk innhaldet i appen saman med deg. Det er ikkje berre kommunen som legg ut ting i appen, det gjer også ordføraren, ungdomsklubbane og andre engasjerte som bur her i Sunnfjord.

2 – Mindre støy og rett på sak 

I andre digitale plattformer og some må du herje og leite blant all verdens informasjon for å finne igjen den artikkelen eller det arrangementet du var interessert i. I innbyggerappen slepp du unyttig støy og kan finne fort fram akkurat den informasjonen du var ute etter. Alt dette medan du kan vere heilt trygg for personvernet ditt. Vi samlar ikkje inn noko informasjon om deg personleg.

3 – Gløym FOMO, kjenn på tilhøyrsle

Du treng ikkje vere redd for å gå glipp av noko som skjer, eller ha FOMO som nokon likar å kalle det. Alle dei største arrangørane er på plass i appen og delar aktivitetar og arrangement som du kan vere med på. Faktisk delar over 120 arrangørar sine aktivitetar og arrangement. Endå fleire er venta å finne vegen.

Undersøkingar viser at nettopp det å ha oversikt over kva som skjer aukar kjennsla av tilhøyrsle til lokalsamfunnet. Fortell derfor gjerne nye tilflyttar om appen – la dei òg styrke si tilhøyrsle her i Sunnfjord!

4 – Lettare å få sagt di meining

Å vite kva som skjer i kommunen er første steg for å kunne meine noko om det! I kommunen styrer vi med nesten “alt” som er nær deg; skular, barnehagar, helsetenster, omsorg, kultur, planar for utvikling, tilrettelegging for næringsliv, bustadtomter, friluftsliv og veldig mykje meir. 

Alt dette ønsker vi frå tid til anna di meining om. Ved å følge med i appen får du innblikk i kva som rører seg på alle desse områda, og kan danne deg ei meining om kva du synest er best. Når vi har høyringar eller undersøkingar, så vil du lett kunne dele dine tankar gjennom skjema vi legg ut i appen.

5 – Alltid beredt! Viktige meldingar ved beredskap og krise

Er vèret hardt og det blir hinder på vegane, så kan du sjå trafikkmeldingar om flaum, skred og stengte vegar. Er vèret mildt kan du òg finne badetemperatur.

Kjem vi i beredskapssituasjonar og kriser, så kan du lese aktuelle nyhende og varsel. Du kan òg skru på varsel slik at du får melding på telefonen din når det blir posta noko nytt i appen.

Skulle straum og internett gå ned, så vil likevel nødmodulen i appen virke. Der finn du nyttig informasjon om kommunen står i ein beredskapssituasjon eller ei krise. Denne modulen i seg sjølv er så nyttig at vi håpar du lastar ned appen for dette om du ikkje skulle vere interessert i noko av det andre. Appen må nemleg alt vere på telefonen når straum og internett gå ned, etterpå er det forseint.

Les meir om nødmodulen

Skjemdup frå app - Klikk for stort bilete

 

Les meir om korleis bruke Innbyggerappen