Treng vi ein plan for Førde sentrum?

Vi er no endeleg klare for å starte arbeidet med å utvikle ein sentrumsplan for Førde, som vil kunne gje oss eit styringsverktøy for å oppnå god byutvikling.

Førde sentrum sett frå Hafstadkleiva Foto: Anne Mette Hjelle - Klikk for stort bilete

Det har vore mange meiningar om Førde og Førde sentrum. Historia fortel oss at Førde vart til gjennom rask vekst samstundes som den private bruken av bil auka vesentleg. Med eit stort omland der mange brukte sentrum kvar dag i samband med jobb, tenester og ikkje minst handel, så vart det laga mange og store flater til parkering. Denne utviklinga skjedde utan ein heilskapleg plan med mål, innhald og retning. I dag veit vi at over 3500 menneske frå omlandet kjem til Førde kvar dag berre for å jobbe. Dette skjer utan eit godt alternativ til privatbilen, og bilen og plassen den tek pregar difor bybiletet.

Vi veit også at det i prinsippet har vore «byggeforbod» i sentrum, der lite nybygg har kome opp dei siste tiåra. Grunna krav til utbetring av kryss og veg, er det få utviklarar som har klara å finne ein økonomisk positiv side til å realisere prosjekt. Førdepakken viser i dag å ha vore ein nødvendig tilretteleggjar for vekst og fortetting i sentrum, der interessa for å bygge i sentrum no er formidabel.

Men utviklinga vi no opplever skjer raskt, igjen. For å unngå ein ukontrollert og tilfeldig utvikling, så tenkjer vi denne gongen å kome i førekant og tidsnok i posisjon med ein plan for utvikling av sentrum.

Sentrum av Førde gangveg ved elva Foto: Anne Mette Hjelle   - Klikk for stort bilete

Sentrumsutvikling og samarbeid er særs viktig for å skape ein attraktiv og levande by. Klarer vi saman å etablere ein felles visjon, ha fokus på felles interesser, kommunisere og involvere, er mykje gjort. Saman kan vi kome fram til løysingar som kan gjere sentrum meir attraktiv og gje nytt liv til delar av sentrum som kanskje har blitt støvete og gløymt. Dette vil bidra til ein berekraftig sentrumsutvikling, gje verdiskaping og betre folk sine kvardagsliv og trivsel.

Prosessen med å etablere samarbeid er viktig og tidkrevjande, og tillit mellom partane er avgjerande for å handtere interessekonfliktar. Det krev stram regi, breitt eigarskap til planar og gjennomføringskraft. Difor legg vi opp til ein inkluderande prosess med brei involvering.

Ja, det er viktig å ha ein sentrumsplan for Førde, og betre vert planen om den har brei støtte av dei som tek rollene i utviklinga av sentrum.

tre mannesker som praterFoto Pexels - Klikk for stort bilete

Følg med på prosessen, og vi startar allereie med eit avspark 7. mai, om kvelden, på Larris scene. 

Bli med på å forme framtida til Førde sentrum! 

Kontakt

Profilbilde av Odd Harry Strømsli
Odd Harry Strømsli
Einingsleiar Areal- og byggesak
E-post
Telefon 57 61 27 15
Mobil 41 47 67 10

Einingsleiar