Høyring av lokale forskrifter til ny opplæringslov

Frå 1. august 2024 trer ny opplæringslov i kraft. I den forbindelse er det eit krav at Sunnfjord kommune utarbeidar lokale forskrifter til enkelte paragrafar i opplæringslova.

Høyringsperioden er 19.04.-22.05.2024. 

Kort om dei lokale forskriftene

Formannskapet har gjort vedtak om å legge forskriftene ut på høyring 19.04.2024.

Sunnfjord kommune har utarbeida forslag til 5 nye lokale forskrifter til opplæringslova. Formålet med dei lokale forskriftene er å tydeleggjere innhaldet i opplæringslova og korleis det blir vurdert og behandla i kommunen.

Oversikt over paragrafane kommunen skal fastsette lokale forskrifter til:

Oversikt over paragrafane kommunen skal fastsette lokale forskrifter til:
Paragraf i opplæringslova Tema
§ 2-2 fjerde ledd Permisjon frå skule
§ 4-5 femte ledd Skulefritidsordning (SFO)
§ 10-7 Skulereglar
§ 14-1 andre ledd Skulerute
§ 15-2 Hovedmål ved den enkelte skule

Viktige dokument i saka:

Sei di meining innan 22.05.2024

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om forskriftene. 

  • Fristen for å sende inn innspel er 22.05.2024.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengeleg på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk skjema:
Send innspel til 24/4378

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 24/4378.

•    Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
•    postmottak@sunnfjord.kommune.no