Oppmåling og klarlegging av eksisterande grenseInformasjon om oppmåling av eigedomsgrense og grensepåvising. GrensepåvisingKlarlegging av eksisterande grense vert uført både for sikre og usikre grenser.Sikre grenserSikre grenser er tidlegare innmålt og koordinatfesta grensemerker, der grensa er bestemt i tidlegare oppmålingsforretning. Ved sikre grenser har ein målebrev/matrikkelbrev over eigedomane med koordinatar.Usikre grenserVed usikre grenser må eldre dokumentasjon (skyldskifte og utskiftingsdokument) undersøkast/tolkast og samanlikna med grensemerker som finst i terrenget. Det krev oppmålingsforretning ved klarlegging av grenser, og då vert eigarar og naboar innkalla til oppmålingsforretning. Her vert resultatet av undersøkinga framlagt, samtidig som partane vert invitert til å kome med sine synspunkt og grensepåstandar. Ved semje om grenseforløpet vert eigedomsgrensa merka, målt og nøyaktig kartfesta.Kven kan søke?Klarlegging av eksisterande grenser kan søkast av heimelshavarar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella det er eit føretak som er eigar av eigedomen må ein legge fram firmaattest av nyare dato.Kva skal søknaden innehalde?For rekvisisjon av klarlegging av eksisterande grense treng vi situasjonskart som viser kva grensepunkt som skal oppmålast. Kart over eigedomen finn du her. I tillegg treng vi skjema for rekvisisjon:Rekvisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring SaksgangEtter at kommunen har motteke søknaden vil aktuelle partar bli varsla og innkalla til oppmålingsforretning. MatrikkelbrevEtter saka er avslutta vert det sendt ut nytt matrikkelbrev til partane, dersom avviket er større enn 10 cm.Det vert vist til matrikkelforskrifta § 36 om klarlegging av eksistereande grenser.GebyrOppmåling av eigedomsgrenser vert gebyrlagt etter Prislista for kommunale tenester.Ta kontakt med oss dersom du har spørsmålTelefon: 57 72 20 00oppmaling@sunnfjord.kommune.no Sist endra 16.10.2026 14:04