Grensejustering

Kommunen kan justere ei grense mellom to eigedomar ved grensejustering, dersom det gjeld overføring av små areal.

Hovudreglar for grensejustering

  • Arealet mellom to eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 prosent, men maksimalt 500 m².
  • Ingen av eigedomane kan avgje eit areal som overstig 20% av arealet til eigedomen før justeringa (80% av eigedomen sitt areal må liggje i “ro”).
  • Verdien av eigedomen kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn grunnbeløpet i folketrygda (1G).
  • Areala som vert råka av grensejusteringa må vere regulert til same føremål. Grensejustering mellom areal mellom ulike føremål krev søknad etter plan- og bygningslova.
  • Ved større endringar må det søkjast om arealoverføring.

Slik søker du

Grensejustering krev ikkje søknad eller løyve etter plan- og bygningslova. Du må bestille oppmåling av grensejusteringa med skjema.

Søknad om rekvisisjon av oppmålingsforretning  

Dokumentasjon til søknad

Til søknaden treng du situasjonskart som viser eksisterande og ny/ønskja grenser. Situasjonskartet må tydeleg vise grensene. Kart finn du i Sunnfjord kommune sitt kommunekart. Bruk gjerne teikneverktøy digitalt.

Send inn søknad

Søknad med vedlegg kan du sende til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller eDialog. Du kan også sende søknaden per post til kommunen sine adresser.

Kommunen vil vurdere om vilkåra for grensejustering er oppfylt. Dersom søknaden vert godkjent vert aktuelle partar kalla inn til oppmålingsforretning der dei nye grensene vert oppmålt i marka.

Pris

Gebyr for oppmålingsarbeid og grensejustering går fram av Prisliste for kommunale tenester.

Ta kontakt

Har du spørsmål om grensejustering send gjerne ein førespurnad med opplysningar og kart til oppmaling@sunnfjord.kommune.no