Utvida bandtvang fram til 1. november

Josh Hild

Vi minner om at det for Sunnfjord kommune er vedtatt utvida bandtvang fram til 1. november. Utvida bandtvang er innført særleg med tanke på å ta i vare bufe/husdyr som framleis er ute på beite. Du kan lese forskrifta om utvida bandtvang for hund i Sunnfjord kommune på lovdata.no

Servicehundar kan vere unnatekne frå bandtvangen

Har du ein servicehund som er godkjend og tildelt av NAV? Servicehundar i aktiv teneste er unnatekne frå reglane om bandtvang når det er nødvendig for at hunden skal kunne utføre oppgåvene sine. Unntaket gjeld også hundar som er under trening eller prøving for å bli godkjende som servicehund. 

Kven gjeld unntaket for?

Den nasjonale forskrifta gjeld hundar som er godkjende og tildelte av NAV som servicehund, eller som er under prøving eller trening for slik godkjenning. Med «aktiv teneste» meiner forskrifta perioden der hunden utfører oppgåver han er trena til, under leiing av brukaren eller ein autorisert trenar. lovdata.no

Servicehunden kan berre vere laus når det er nødvendig for å utføre oppgåvene han er trena til. Hunden skal vere under kontinuerleg tilsyn og må ikkje utgjere ein fare for menneske, husdyr, tamrein, vilt eller eigedom. 

Ha dokumentasjon frå NAV tilgjengeleg

Dersom du nyttar unntaket, skal du kunne vise dokumentasjon frå NAV på at hunden er godkjend servicehund dersom tilsynsmyndigheitene ber om det. Dei vanlege krava om forsvarleg sikring og kontroll med hunden gjeld framleis. 

Forskrift om unntak frå bandtvang for servicehundar