Kva kan du gjere sjølv?
Før du søkjer om helse- og omsorgstenester, oppmodar vi deg til å vurdere kva du sjølv kan gjere for å handtere situasjonen, og om det finst hjelp og støtte i ditt eige nettverk.
Mange opplever at støtte frå familie, venner, frivillige organisasjonar, aktivitetstilbod, hjelpeteknologi eller eigne tiltak kan bidra til auka meistring i kvardagen.
På Helsenorge.no finn du kvalitetssikra informasjon, råd og verktøy som kan hjelpe deg til å meistre utfordringar i kvardagen. Innhaldet er basert på oppdatert kunnskap om helse, meistring og gode vanar, og kan vere nyttig å prøve før du søkjer hjelp frå kommunen.
Råd for god helse og gode liv - Helsenorge
Meistring og eigne ressursar
Sunnfjord kommune legg vekt på at innbyggjarane skal kunne meistre kvardagen sin best mogleg ut frå eigne føresetnader.
Når du søkjer om helse- og omsorgstenester, er det derfor viktig at du fortel om eigne ressursar, kva du meistrar sjølv, og kva du har prøvd for å løyse utfordringane dine.
Kommunen sitt mål er å støtte deg i å halde oppe eller utvikle eigne ferdigheiter og meistringsevne. Tenestene blir derfor vurderte ut frå kva du kan gjere sjølv, kva støtte du har rundt deg, og kva du treng hjelp til frå kommunen.
Tenestestandard
Tenestestandarden beskriv formålet med tenestene, kven som kan få dei tildelte, og kva du kan forvente av tenesta.
Standarden skal vere ei rettleiing for både innbyggjarar og tilsette, og bidra til ei felles forståing av tenestetilbodet og innhaldet i dei ulike tenestene.
Søknadsskjema for helse- og omsorgtenester
Her kan du søke om helse- og omsorgstenester. I søknaden kan du skrive kva som er viktig for deg i den situasjonen du er i. Du kan også skrive hva som er dine behov og hva du sjøl mestrer. Tildelingseininga vil vurdere behova dine, og i samarbeid med deg vil vi komme fram til riktig tjeneste.
Når du fyller ut søknaden, er det viktig at du gir så mykje relevant informasjon som mogleg om situasjonen din.
Vi ber deg beskrive: Kva som er viktig for deg i kvardagen
- Kva du meistrar sjølv
- Kva utfordringar du opplever
- Kva aktivitetar eller oppgåver som er vanskelege for deg
- Korleis utfordringane påverkar dagleglivet ditt
- Kor lenge utfordringane har vart
- Kva hjelp, støtte eller tiltak du har prøvd tidlegare
- Kva hjelp eller støtte du meiner vil vere nyttig
- Kva hjelp du får frå familie, venner eller andre
- Kva mål og ønskje du har for framtida
Jo meir informasjon du gir, desto betre kan vi forstå behova dine og vurdere kva tenester som kan vere aktuelle for deg.
Tildelingseininga vurderer søknaden og behova dine. Dersom det er nødvendig, tek vi kontakt med deg for å få meir informasjon. Målet er å finne den hjelpa og støtta som passar best for deg.
Dersom du får hjelp av nokon til å fylle ut søknaden, må du fylle ut og sende inn ei skriftleg fullmakt saman med søknaden.
Søk helse- og omsorgsteneste digitalt via dette skjemaet
Søk helse og omsorgsteneste på papirform (PDF, 224 kB)
Papirskjema skal sendast til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.
Trenger du hjelp?
Innbyggerdialog kan hjelpe deg med å fylle ut søknadsskjemaet. Tildelingseininga kan gi meir informasjon.
Har du spørsmål, ta kontakt med Tildelingseininga
Telefon 57 72 20 05 kvardagar mellom klokka 10.00 og 14.00
• Adresse: Hafstadvegen 42, 6800 Førde
• Postadresse: Postboks 338, 6802 Førde
Klage på vedtaket
Er du usamd i innholdet i vedtaket, kan du kontakte Tildelingseininga. Om du ønsker å levere ei klage, må den være skriftlig og signert. Vi rettleier deg gjerne. Fristen for å klage er fire veker fra du mottok vedtaket.
Klagereglar finner du i pasient og brukerrettighetslova kapittel 7.
Du kan be om at vedtaket ikke vert sett i gang før klagen din er ferdig behandla, dette kallas utsett iverksetting.
Pasient- og brukerombudet i Vestland kan også hjelpe deg om du ønsker å klage. De kan rettleie deg om kva rettar du har i saka.
Personvernerklæring
Informasjon om personvernerklæring
Sjå personvernerklæringar for Helse og omsorgstenestene