For føresette

Heim/skule samarbeid

To gonger i året blir føresette kalla inn til utviklingssamtale med elev og kontaktlærar. Utover dette skjer ein god del av kommunikasjonen mellom heim og skule gjennom det skuleadministrative systemet Visma Flyt skole. Dette kan vere meldingar, fråvær, skriftleg halvårsevaluering m.m.

Les meir om Visma Flyt Skole.

SFO-tilbod

Slåtten skule har SFO tilbod til elevane på 1.-4. steg. 

Lisens på Office 365

  • Alle elevar i Sunnfjord kommune har Office 365 lisens. Ein kan bruke programma i skya eller laste dei ned lokalt på ei eller fleire datamaskiner. 
  • Når du går inn på nettsida office.com finn eleven mellom anna Word, Excel, OneNote, Outlook og PowerPoint. Du får og skylagringstenesta OneDrive. På office.com finn du og lenke til nedlasting av programma om du vil ha dei lokalt på datamaskina. 
  • Eleven må bruke sitt Feidebrukarnamnm t.d. olanor14, og legge til @sunnfjordskulen.no. Brukarnamnet i dette dømet blir dermed olanor14@sunnfjordskulen.no. Passordet er det same som du brukar ved pålogging på Feide. Dersom du ikkje får logga på nettsida office.com, må eleven få nytt passord på skulen. 
  • Påloggingsnamnet på office.com, som t.d. olanor14@sunnfjordskulen.no, er og eleven si epostadresse. Eposten kan eleven lese på office.com. 
  • Når du sluttar som elev i Sunnfjord kommune, blir brukarkontoen din deaktivert 30 dagar etter sluttdato.

  Office.com

Medverknad

For informasjon om klassekontaktar, foreldreutval og skulemiljøutval, sjå eigne sider:

Lus

  • Hovudlus er eit tilbakevendande problem. Vi oppmodar alle foreldre til å ta kontakt med skulen dersom de oppdagar lus på barnet dykkar. Skulen vil så informere alle på steget, og be om at føresette tek ein sjekk av sitt barn.
  • Sjå og Folkehelseinstituttet sine sider om lus.

 

Spekter mobbeundersøking for 5., 6. og 7. klasse

Slåtten skule brukar Spekter mobbeundersøking i 5., 6. og 7. klasse for å avdekke mobbing og kartlegge læringsmiljøet i klassane.
Spekter er ein digital, ikkje-anonym undersøking der elevane svarar på spørsmål om korleis dei har det på skulen, relasjonane i klassa og eventuell mobbing. Resultata blir følgde opp gjennom elevsamtalar, observasjon og eventuelle tiltak når det er behov for det.

Formålet med undersøkinga er å:
•    Få oversikt over korleis elevane opplever læringsmiljøet i klassa.
•    Avdekke mobbing, krenking, utanforskap eller andre utfordringar tidleg.
•    Følgje opp enkelt-elevar og klassar med relevante samtalar og tiltak.
•    Arbeide systematisk for eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane.

Undersøkinga er ikkje anonym, fordi skolen må kunne følgje opp informasjonen på ein god og konkret måte. Etter undersøkinga går kontaktlæraren eller anna relevant personale gjennom resultata og har samtalar med elevane der det er behov for det.

Alle opplysningane blir handsama konfidensielt av skolen og blir berre brukt i arbeidet med å sikre elevane eit trygt og godt læringsmiljø. Dersom undersøkinga viser behov for det, vil skolen følgje opp med observasjon, samtalar og tiltak etter rutinane for trygt skulemiljø.

Har du spørsmål eller informasjon du vil dele med skolen, er du velkomen til å ta kontakt med kontaktlæraren eller rektor.
 

Adresse

Besøksadresse:
Angedalsvegen 71
6810 Førde

Postadresse:
Slåtten skule
Postboks 338
6802 Førde