Om Sande skule

Sande skule – ein skule i utvikling

Sande skule ligg i sentrum av bygda og vart bygd i 1967. Bygget har blitt utvida og påbygd fleire gonger, sist i 2015 då Gaularhallen vart bygd. Vi har no ein flott idrettshall vegg i vegg med skulen. Vi er også ein av få skular som har vårt eige symjebasseng, og rett over vegen for skulen ligg det kommunale biblioteket.

Sande skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 300 elevar og 50 tilsette.

Vi er no inne i ei spennande tid med omfattande rehabilitering og utbygging av skulen vår. Arbeidet er godt i gang, og vi ser fram til å få ein moderne, framtidsretta og funksjonell skule med gode rammer for læring, trivsel og utvikling.

Gjennom prosjektet skal delar av den eksisterande skulen rehabiliterast, samtidig som det blir bygd nytt. Målet er å skape gode og fleksible læringsareal, betre fellesareal og funksjonelle arbeidsplassar for elevar og tilsette.

I byggeperioden er elevar og tilsette fordelte på fleire mellombelse undervisningslokasjonar. Dette skuleåret er første til fjerde trinn på Flatene skule, femte til sjuande trinn er på gamle kommunehuset på Sande og ungdomstrinnet er på skulen. Lærarane på ungdomstrinnet held til i brakka ved sidan av skulen. Dette krev fleksibilitet, samarbeid og tilpassing i kvardagen. Vi er stolte av korleis både elevar og tilsette møter denne perioden, og arbeider kvar dag for å sikre eit godt og trygt læringsmiljø, sjølv om vi ikkje er samla under eitt tak.

Rehabiliteringa handlar om meir enn nye og oppgraderte bygg. Ho gir oss også ei moglegheit til å vidareutvikle skulen vår og skape gode rammer for framtidas undervisning og læring.

Etter planen skal den nye skulen stå klar våren 2028. Vi gler oss stort til å samle alle elevar og tilsette igjen på Sande i ein ny og oppgradert skule!

Vil du vite meir om byggeprosjektet? Du kan følgje utviklinga og lese meir om rehabiliteringa på nettsida til Sunnfjord kommune: Byggeprosjekt nye Sande skule - Sunnfjord kommune
 

Trivselprogram

Sande skule har starta opp trivselsprogram for barneskulen. Det legg til rette for auka aktivitet både i friminutt og i undervisninga. Visjonen for programmet er "på trivselsleiarskular skal barn og unge vere aktive - med store smil og munnen"! Det er stor aktivitet i friminutta rundt trivselsleiarane, og elevane våre seier det er kjekkare friminutt.

Pedagogiske utviklingsprosjekt

Dei siste åra har vi arbeidd med desse utviklingsprosjekta.

Sastingsområde skuleåret 2023-2024 er vurdering, med framleis fokus på fagfornyinga. 

Kontakt

Ann-Kristin Strandheim
Rektor
Telefon 57 71 85 27

Adresse

Besøksadresse:
Selstadvegen 1
6973 Sande i Sunnfjord

Postadresse:
Sande skule
Postboks 338
6802 Førde