Individuell tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevneBarnehagelova §37 gjev moglegheit til å søke om individuell tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne, dersom barnehagen ikkje kan tilrettelegge for barnet innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Dette for å sikre barnet likeverdige utviklings- og aktivitetsmoglegheiter.Om individuell tilrettelegging Rett til eit individuelt tilrettelagt tilbodBarn som har nedsett funksjonsevne kan ha behov for ei særskild individuell tilrettelegging for å kunne nytte seg av barnehagetilbodet. Barnehagelova §37 (ekstern lenke) seier at kommunen har plikt til å sørge for at barnehagane kan gjennomføre dette. Individuell tilrettelegging skal ta utgangspunkt i barnet sine behov og kan omfatte både tilpassing av det fysiske miljøet og andre tiltak. Tilrettelegging kan mellom anna vere endringar i lokale eller uteområde, løysingar for å sikre god tilkomst og deltaking, ekstra bemanning, kompetanseheving for tilsette, spesialtilpassa utstyr eller andre nødvendige tiltak. Kva slags tilrettelegging som er nødvendig, må vurderast konkret i kvar enkelt sak.Plikta skal ta i vare det einskilde barnet sine særlege behov, og er ikkje meint som ein generell styrkingsressurs til barnehagen. Kommunen si plikt til å tilrettelegge gjeld for barn med nedsett funksjonsevne, og som har barnehageplass i kommunen.Nedsett funksjonsevneBarn med nedsett funksjonsevne er ei samansett gruppe. Nedsett funksjonsevne er i forarbeida til barnehagelova definert som «tap av, skade på eller avvik i ei av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjonar». Omgrepet omfattar derfor fysiske, psykiske og kognitive funksjonar. Forhold som ein ser på som innanfor normalvariasjonen i småbarnsalderen vil falle utanfor. Behovet for tilrettelegging må ha ein viss varigheit og omfang for at det skal kunne utløyse retten til individuell tilrettelegging etter barnehagelova § 37. Sentralt i vurderinga er om barnet har ei nedsett funksjonsevne av ein slik art at det hindrar barnet i å bruke barnehageplassen sin på lik linje med andre barnehagebarn. I den grad barnet har vanskar som ikkje kan knytast til nedsett funksjonsevne, må barnets behov for tilrettelegging og oppfølging takast vare på innanfor det ordinære barnehagetilbodet og/eller spesialpedagogisk hjelp. Skille mellom individuell tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelpOm eit barn har behov for individuell tilrettelegging av barnehagetilbodet eller spesialpedagogisk hjelp, eller begge delar, må bli vurdert konkret i kvar einskild sak.For at barnet skal få den hjelpa det har rett på etter barnehagelova, er det viktig å prøve å skilje mellom kva som er spesialpedagogisk hjelp og kva som er individuell tilrettelegging. Formålet med spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova §31 er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklige og sosiale ferdigheiter. Spesialpedagogisk hjelp blir gitt basert på sakkunnig vurdering frå PPT. Målsettinga med individuell tilrettelegging etter barnehagelova § 37 er ikkje ei endring eller utvikling hos barnet, men å byggje ned barrierane i barnehagen som gjer at barnet ikkje kan nytte seg av barnehagetilbodet på lik linje med andre barn. Sakkunnig vurdering og IUP er derfor ikkje knytt til vedtak om tilrettelegging. Les meir om individuell tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne ved å følge denne lenka: Tilrettelegging av barnehagetilbudet for barn med nedsatt funksjonsevne (ekstern lenke til udir.no) Ansvar og rolle Barnehagen sitt ansvarBarnehagen har eit sjølvstendig ansvar for at også barn med nedsett funksjonsevne får eit barnehagetilbod som er i samsvar med lova. Ansvaret er avgrensa til kva barnehagen kan gjere innanfor det ordinære barnehagetilbodet.Om det er behov for å søke om individuell tilrettelegging for eit barn med nedsett funksjonsevne, har barnehagen plikt til å gi tilstrekkeleg informasjon til foreldra om kva dette vil innebere. Barnehagen pliktar å gi melding til kommunen ved endringar i behov. Dersom barnet sitt behov endrar seg må kommunen, i samarbeid med barnehagen, vurdere om barnet har behov for meir, mindre eller anna type individuell tilrettelegging. Dersom behovet for individuell tilrettelegging fell bort, vil ikkje kommunen lenger ha plikt til å tilrettelegge barnehagetilbodet.Kommunen sitt ansvarKommunen si plikt til å individuelt tilrettelegge barnehagetilbodet gjeld der behovet for tilrettelegging er større enn det barnehagen kan gjere innanfor det ordinære barnehagetilbodet.Kommunen må vurdere om barnehagen sin samla kompetanse, bemanning, fysiske utforming, osb., er tilstrekkeleg til å gje barnet eit eigna individuelt barnehagetilbod som er i samsvar med barnehagelova og rammeplanen. Kommunen må gjere ei konkret og individuell vurdering av barnehagetilbodet, barnet sin funksjonsevne og tilpassingsbehov, og korleis barnehagetilbodet kan tilretteleggast for å bygge ned barrierar som påverkar barnet si aktivitet og deltaking. I vurderinga skal barnet sitt beste vere eit grunnleggjande omsyn.Føresette si rolleFøresette er formell søkar om individuell tilrettelegging, og barnehagen hjelper til med utfyllande informasjon om barnehagekvardagen. Barnehagen kan òg stå for sjølve utfyllinga av søknadsskjemaet, og foreldra samtykker ved å godkjenne søknaden. Barnehagen eller kommunen kan ikkje hente inn teiepliktige opplysningar om barnet utan at foreldra samtykker til dette. Barnehagen eller kommunen kan heller ikkje dele opplysningar om barnet med andre instansar utan at det er heimel i lov for det. Dersom det ikkje er heimel i lov for å dele opplysningar, må det hentast inn samtykke frå foreldra.Søknad og vedtak Søknad om individuell tilretteleggingSøknadsskjema for individuell tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne finn du nederst på sida.Ved søknad om individuell tilrettelegging må ein kunne dokumentere at barnet har nedsett funksjonsevne, og skildre behova barnet har for tilrettelegging. Kva slags dokumentasjon som er nødvendig for å opplyse saka tilstrekkeleg, blir drøfta i samtale med barnehagen/kommunal saksbehandlar før søknaden blir sendt. Dokumentasjon kan til dømes vere erklæring frå lege, uttaler frå helsepersonell som har gjennomført utgreiing eller kartlegging, rapportar og/eller sakkunnig vurdering frå PPT som til dømes skildrar resultat frå kognitiv eller språklig kartlegging. Grunnlege skildringar av barnets funksjon frå foreldre eller barnehage kan òg vere tilstrekkeleg dokumentasjon, dersom det gjer saka godt nok opplyst til at kommunen kan vurdere barnets nedsette funksjonsevne. I tillegg skal barnehagen i søknaden uttale seg om kva for barrierar barnet møter i barnehagen som hindrar at barnet kan bruke barnehageplassen sin på lik linje med andre barn. Det skal òg skildrast kva for behov dei meiner barnet har for tilrettelegging og kva som allereie er forsøkt gjort for barnet innanfor det ordinære tilbodet. Dette skal skildrast i ein dagsplan som skal leggast ved søknaden. Saksbehandlar i kommunen kan ta kontakt med foreldre og barnehage for meir informasjon for å få saka godt nok opplyst. Saksbehandlar kan òg be om å få kome til barnehagen for å observere barnet. Vedtak om individuell tilretteleggingKommunen fattar vedtak om individuell tilrettelegging etter barnehagelova §37. Vedtaket skal vere grunngjeve, og det skal kome fram av vedtaket kva den individuelle tilrettelegginga skal gå ut på. I Sunnfjord kommune blir det som regel gjort vedtak for eitt barnehageår om gongen. I søknadsbehandlinga skal kommunen vurdere:Kva er barnet si nedsette funksjonsevneI kva grad kan barnet få hjelp innanfor det ordinære barnehagetilbodetI kva situasjonar treng barnet meir støtte for å kunne nytte det ordinære tilbodet Korleis skal tilrettelegginga organiserast For å gjere gode vurderingar krevst det at kommunen får saka godt nok opplyst. Sjå under fana Søknad om individuell tilrettelegging for kva slags dokumentasjon som bør leggast ved søknaden. Ved søknad om vidareføring av individuell tilretteleggingDersom foreldre og barnehage søker om vidareføring av den individuelle tilrettelegginga for nytt barnehageår, eller ved endra behov for tilrettelegging, skal barnehagen fylle ut rapport for dei midlane som er tildelte. Rapporten skal leggast ved søknaden. Rapporten skal skildre gjennomføringa av vedtaket, og verknaden vedtaket har hatt for å bryte ned barrierar slik at barnet kunne ha nytte av barnehagetilbodet. Sist endra 18.11.2026 08:47