Søknadsskjema for individuell tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne finn du nedst på sida. For fristar, sjå nedst i teksten.
Barnehagen skal ta kontakt med Ressurssenteret for barnehage i Etat for tilrettelagd oppvekst for å drøfte eventuell søknad om individuell tilrettelegging. Dette for å sikre at naudsynt informasjon og dokumentasjon blir lagt ved, og at problemstillingane høyrer inn under §37 i barnehagelova.
Ved søknad om individuell tilrettelegging må ein kunne dokumentere at barnet har nedsett funksjonsevne, og skildre behova barnet har for tilrettelegging. Kva slags dokumentasjon som er nødvendig for å opplyse saka tilstrekkeleg, blir drøfta i samtale med saksbehandlar før søknaden blir sendt.
Dokumentasjon kan til dømes vere erklæring frå lege, uttaler frå helsepersonell som har gjennomført utgreiing eller kartlegging, rapportar og/eller sakkunnig vurdering frå PPT som til dømes skildrar resultat frå kognitiv eller språklig kartlegging. Grunnlege skildringar av barnets funksjon frå foreldre eller barnehage kan òg vere tilstrekkeleg dokumentasjon, dersom det gjer saka godt nok opplyst til at kommunen kan vurdere barnets nedsette funksjonsevne.
I tillegg skal barnehagen i søknaden uttale seg om kva for barrierar barnet møter i barnehagen som hindrar at barnet kan bruke barnehageplassen sin på lik linje med andre barn. Det skal òg skildrast kva for behov dei meiner barnet har for tilrettelegging og kva som allereie er forsøkt gjort for barnet innanfor det ordinære tilbodet. Dette skal skildrast i ein dagsplan som skal leggast ved søknaden.
Saksbehandlar i kommunen kan ta kontakt med foreldre og barnehage for meir informasjon for å få saka godt nok opplyst. Saksbehandlar kan òg be om å få kome til barnehagen for å observere barnet.