Årsplan Skei barnehage (PDF, 2 MB)
Satsingsområde for barnehagen 2026–2028
I løpet av barnehageåret har vi særleg fokus på følgjande satsingsområde. Desse områda skal bidra til å styrkje kvaliteten i tilbodet vårt og sikre at barna opplever ein trygg, inkluderande og utviklande kvardag.
Leik som grunnlag for trivsel, vennskap, læring og utvikling
Leiken har ein sentral plass i barnehagen og er barnet sin viktigaste arena for utforsking, læring og sosial utvikling. Gjennom leiken utviklar barna språk, fantasi, kreativitet og evna til å samarbeide med andre. Leiken gir også moglegheit til å knyte vennskap, oppleve meistring og uttrykkje tankar, kjensler og erfaringar. Personalet skal vere tilstadeverande vaksne som støttar, inspirerer og legg til rette for gode leikemiljø der alle barn får delta og oppleve glede og tilhøyrsle.
Det fysiske leikemiljøet
Eit godt leikemiljø skal invitere til ulike former for aktivitet, frå rolleleik og konstruksjonsleik til fysisk utfalding og rolege aktivitetar. Vi ønskjer å skape miljø som vekkjer barnet si nysgjerrigheit og gir rom for medverknad, fantasi og skaparglede.
Samlingsstund – Plass til alle
Samlingsstunda er ein viktig arena for fellesskap og deltaking. Her får barna oppleve tilhøyrsle til gruppa gjennom song, forteljingar, samtalar, undring og ulike aktivitetar. Vi ønskjer å skape samlingsstunder som engasjerer barna og gir positive felles opplevingar. Samlingsstunda skal vere ein stad der alle barn får høve til å bidra, bli høyrde og kjenne seg som ein verdifull del av fellesskapet.
Laget rundt barnet
Barnet står i sentrum for alt vi gjer. Rundt barnet finn vi foreldra og dei tilsette i barnehagen. Saman utgjer vi laget rundt barnet. Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er avgjerande for barnet si trivsel og utvikling. Gjennom open dialog, gjensidig tillit og felles mål arbeider vi saman for å skape dei beste føresetnadene for kvart enkelt barn.
Det regulerte barnet - frå uro til ro.
Det regulerte barnet - frå uro til ro er eit felles satsingsområde i oppvekstsektoren i Sunnfjord kommune. Målet er å styrkje personalet si kompetanse i møte med barn som viser uro, sterke kjensler eller utfordrande åtferd. Vi arbeider med å forstå kva barnet prøver å formidle gjennom åtferda si, og korleis vi som vaksne kan møte barnet med ro, omsorg og tryggleik. Gjennom trygge relasjonar og gode vaksne
støttar vi barna i å setje ord på kjensler, handtere utfordringar og oppleve meistring.
Livsglede for eldre
Livsglede for eldre er eit samarbeid med Skei omsorgssenter. Gjennom møte mellom generasjonar får barn og eldre oppleve glede, læring og fellesskap. Ved besøk og felles aktivitetar ønskjer vi å bidra til at barna utviklar respekt, omsorg og forståing for andre menneske, samstundes som dei eldre får oppleve aktivitet, samvær og livsglede. Desse møta skaper positive opplevingar og verdifulle relasjonar på tvers av
generasjonar.
Grip omgrepa
Språk er grunnlaget for kommunikasjon, læring og deltaking i fellesskapet. Gjennom Grip omgrepa arbeider vi systematisk med å styrkje barna si språkforståing og omgrepsutvikling. Målet er å gi barna eit rikt og variert språk som styrkjer deira moglegheiter for læring, deltaking og vidare utvikling.
Trafikksikker barnehage
Vi er ein trafikksikker barnehage og arbeider aktivt for å skape gode haldningar og kunnskap om trafikktryggleik hos barna. Trafikkopplæring blir ein naturleg del av kvardagen gjennom samtalar, turar i nærmiljøet og praktiske erfaringar. Barna får øve på å ferdast trygt i trafikken, forstå enkle trafikkreglar og utvikle gode vanar som dei kan ta med seg vidare i livet. Vi samarbeider også med foreldra om å fremje trygg ferdsel til og frå barnehagen. Målet er å auke barna si medvit om trafikk og bidra til ein tryggare kvardag for alle.