Flyplassutvalet for Førde lufthamn

Flyplassutvalet i Sunnfjord og Ytre Sogn er etablert for å samle og koordinere regionen sitt arbeid knytt til utviklinga av flytilbodet ved Førde lufthamn, Bringeland. 

Flyplassutvalet skal arbeide for å utvikle og styrke Førde lufthamn som ein viktig del av transporttilbodet i regionen. Flyplassen er avgjerande for næringsliv, offentlege tenester, helseberedskap og busetjing.

Flyplassutvalet skal vere eit tydeleg og aktivt påverknadsorgan som representerer Sunnfjord og Ytre Sogn sine interesser og behov ovanfor sentrale myndigheiter, fylkeskommunen og andre relevante aktørar. 

Flyplassutvalet sine delmål: 

  • Bevare og styrke regionen sitt flytilbod  
    Vi arbeider for eit stabilt, framtidsretta og behovstilpassa rutetilbod med god regularitet og tilgjenge.
  • Samarbeid for vekst 
    Flyplassutvalet er ein arena for samhandling mellom kommunar, næringsliv, offentlege verksemder og andre relevante aktørar.
  • Effektiv transport og infrastruktur
    Vi arbeider for godt samspel mellom fly, buss, taxi og kollektivtilbod, og for å styrke infrastrukturen til og frå flyplassen.
  • Berekraftig utvikling 
    Flyplassutvalet skal støtte initiativ som fremjar meir miljøvenlege løysingar og reduserer utslepp.
  • Politisk påverknad
    Vi representerer regionen sine interesser ovanfor myndigheiter og sentrale avgjerdstakarar.
  • Verdiskaping og samfunnsnytte
    Flyplassen skal bidra til næringsutvikling, reiseliv, samfunnsberedskap og tilgang til offentlege tenester i regionen.

Samansetting av utvalet

Flyplassutvalet vert leia av ordføraren i Sunnfjord kommune, som vertskommune for flyplassen. Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Sunnfjord kommune er representert i flyplassutvalet, med ordførarane som medlemmer og varaordførarane som varamedlemmer. Næringslivet er representert med ein representant frå Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS) og ein representant frå Helse Førde. 

Lufthamnsjefen ved Førde lufthamn er observatør i flyplassutvalet. 

Møtereferat 

Flyplassutvalet har møte ein gong i kvartalet.